S.T.A.L.K.E.R: Shadows of Chernobyl
Spelet som lenge har vore i "skyggen" pga. alt snakket rundt Half-Life 2 og Doom 3 ser omsider ut til å få den oppmerksomheiten det fortener. Denne førstepersonsskyteren som - etter planglagt dato - skal kome på markedet i mai 2005 ser ut til å imponere stort om me ser på nokre av spelets beste områder; som f.eks den pinlege bygingskopieringa frå verkelegheiten og dei - mildt sagt - flotte væreffektane. Som mange sikkert har fått med seg foregår spelet i den tjekkiske byen, Tjernobyl kor du har heile 30 kvadratkilmetet å leike deg med. Spørsmålet er berre om dette vil bli eit variert og interessant område, og ikkje ein kjedeleg, stor by der vi ser dei same omgivnadane kopiert gang på gang. Forhåpentligvis vil ikkje sistnevnte bli tilfelle, så vi får vel berre smøre oss med tolmod til GSC Games, med Oleg Yavorsky i spissen, omsider lanserer spelet - forhåpentlegvis i mai.
F.E.A.R.
Spelet, som utviklast av Monolith, og truleg lanseres i juni kjem til å bli - etter kva vi har fått opplyst - "grøsseren 2005" om ting går etter planen. I spelet, der du jobber for spesialeinheiten F.E.A.R. (First Encounter Assault and Recon), skal du løyse ein gissel-situasjon som har oppstått i Armachem-konsernet. Men dette skal ikkje bli ei lett oppgåve. Liker etter du har ankome bygninga skjer det mystiske ting; gissler forsvinnet sporlaust, det er blod overalt på veggane og ei lita jente i raud kjole og med blodige føtter tar plutseleg livet av heile troppen din. F.E.A.R. ser ut til å lever opp til tittelen sånn det ser ut for augneblinken.