Lagnad 2: Nytt Ljos

Yetipants

Mein Gampf
Medlem av ledelsen
#1
...eller, som dei hevdar det heiter i utlandet:

chrome_2019-09-09_09-18-45.png


Så, ja. 1. oktober (utsett frå 17. september) kjem den neste tilleggspakka til Destiny 2 ut, den heiter Shadowkeep og gjeng føre seg på månen. Eg gler meg stort. Men kanskje meir interessant for andre er New Light, den nye gratis-utgåva av grunnspelet. Det du får er heile smæla eg fekk då eg kjøpte det for to år sidan (inklusive dei første DLC-pakkene), berre at du slepp å betale noko. Berre å laste ned frå Steam (eller konsollsjappene for dei som orkar det). Dersom du har spela Destiny 2 frå før av, til og med på ein annan plattform enn du får deg New Light på, kan du bruke såkalla Cross-Save til å kopiere over figurane dine derfrå. Neste seg vert vonleg Cross-Play, altså at alle spelar saman uavhengig av plattform, men det er nok ein stund til enno.

Men: Bør du sjekke ut Destiny 2? Det var kult nok då det kom, men hadde lite å finne på i endgame og Bungie hadde på mystisk vis gjort om att mange av feila frå Destiny 1. Men det var for to år sidan. I 2019 er Destiny 2 lett det spelet eg har brukt mest tid på, og det er fordi det er så sinnssjukt mykje å gjere og få tak i pluss at det så klart er eit fantastisk bra skytespel. Eg har ein drøss med saker att å samla, og eg har ikkje byrja å raide ein gong. Skal prøve å få med meg klanen på noko raidings når Shadowkeep kjem.

Korleis er eigentleg Destiny 2 å spela, dersom du ikkje har testa det før? Det er laga av Bungie, kjende frå Halo-serien, berre at det er utforma som eit MMO - som i, det er mange område å utforske, ein drøss med aktivitetar å ta seg til og milliardar av fiendar å skyte, men du må rekne med å traske gjennom dei samme områda mange, mange, mange gonger. Men! Det gjer ikkje så mykje, sidan kvart nye oppdrag er variert og moro på eiga hand, og sidan mykje av gleda i Destiny går ut på at du skal lære deg ting såpass godt at du klarer å planlegge og handtere alt du skal gjere for maks utbyte.

Eg har ikkje gått lei enno, iallfall. Såpass så eg allereie har kjøpt meg Shadowkeep. Bli med på Destiny 2 du og, vi kan til og med spele saman og koze oss i lag (dersom du prøver det på PC)!

Dersom du treng meir Destiny 2 etter å ha testa New Light, har me denne kjekke oversikta (med feil lanseringsdato) som syner kva du får dersom du kjøper deg inn (kort fortalt: Meir ting å gjere). Kan jo nemne at Crucible er standard deathmatch mot andre spelarar, Gambit er ein artig horde-modus kombinert med PvP der du kan invadere det andre laget og øydeleggje for dei, oooog at Strikes er vanskelege og litt lengre "vanlege" oppdrag du løyser med andre spelarar. Mini-raids kan du seie, spesielt dersom du spelar Nightfall (den ekstra vanskelege varianten av Strikes).

 

Yetipants

Mein Gampf
Medlem av ledelsen
#2
Berre nemner at no er førehandsnedlastinga av Destiny 2 på Steam i gong, så her er det berre å køyre på så de er klare til neste tysdag. Tett oppunder 90GB å laste ned så greitt å vere førebudd.

Bli med, då vel. Det er artig som fy.
 
D

Deleted member 91

Gjest
#3
Gidder obv ikke betale for Destiny MEN jeg satt opp crossplay-tøyset sånn at jeg kan bruke hunteren min fra PS4-versjonen på datapese. Så om vi finner nok folk er jeg med på å teste noe raidings f eks.
 

Yetipants

Mein Gampf
Medlem av ledelsen
#4
Gidder obv ikke betale for Destiny
Du slepp! Det er gratis!!!

Noko som ikkje er gratis er attåtpakka Shadowkeep som kjem samme dag og som eg allereie har betalt for og som eg gler meg til og her er ein trailer.


Og ja folka i klanen ser ut til å vere keene på å raide litt. Skal prøve å få til, men spørs litt viss det tek fleire timar på ein runde.
 

Yetipants

Mein Gampf
Medlem av ledelsen
#5
Info frå Bungie om kva du får i gratispakka:



Litt overraska over at Menagerie er med, men overraska på "wow, så fett!"-måten sidan det er ein storkoseleg horde-modus med kule mekanikkar, eigen meta som i det store og det heile let deg skreddarsy lootet du får og gjev deg bittelitt raid-kjensle berre at det tek tjuge minutt å koste gjennom i staden for fleire timar. Me treffast der.
 

Yetipants

Mein Gampf
Medlem av ledelsen
#6
Berre nemnar at

1569607623668.png


nok ein gong!!!