Fire timer inne i spelet? Da er du vel halvvegs i introen ehehe.
Nei men ja, eg speler òg Persona 4 Golden om dagen. Fuserte min første Persona istad, etter å ha samla nokre kort i ei borg der ei av klassevenninnene mine sit innesperra medan ho leiter etter drøymeprinsen sin. Ja, og eg opna ei kiste og inni der var Mannen med ljåen. Som i, Gamle-Erik sjølv. Eg var på nivå 4 så det gjekk litt skralt då det synte seg at han gjorde 3-4000 skade på alle figurane mine med eitt slag.
Elles: Eg har spelt litt Persona 3 før, syntest ikkje det var det heilt store om eg skal vere ærleg. Det er noko med at når historia startar med at du vert med i ein hemmeleg organisasjon som bekjemper skuggemonstre og ja forresten folk vert sperra inne i likkister og du kan mane fram demoner ved å skyte deg sjølv i hovudet, så er ikkje det like engasjerande som at du berre er ein løknisse som flytter ut på bøgda og her skjer ikkje ein skit. Persona 4 legg meir vekt på forteljinga, settingen er meir tiltalande og det som eigentleg er spelet er nesten berre ein bigeskjeft. Greitt å bli verva inn i Stonecutters med ein gong, men då er liksom alt kartlagt frå start av. I Persona 4 speler du ein tenåring som berre plutseleg må ta tak i faenskap du ikkje skjøner noko av. Det gjev ein heilt annan mystikk og eit anna perspektiv på forteljinga som tiltaler meg mykje meir.
Dessutan fungerer historia på eit djupare plan òg. Dei vaksne har ikkje peiling dei heller, men dei er for opptekne av uviktig piss til å sjå det openbare som ligg og verkar rett framfor dei. Berre tenåringane er desperate, nyfikne og uerfarne nok til å gje seg i kast med dette uforståelege, farlege og vonde som garantert vil merkje dei for livet men òg knyte dei tettare saman.
Nesten som om dei som skreiv historia prøvde å seie noko om det å bli vaksen, og den perioden der ein ikkje veit kor ein hører heime, kor ein ikkje heilt veit kven ein egentlig er (eller held på å bli), og der alt verkar anten umogleg eller uforståeleg. Sett slikt.