Det som kan vere forvirrande på skytabana, er at det aldri blir sagt noko om at det er likegyldig kva for våpen ein bruker. Sniping mode er best å bruke på C og D, og når ein skal gå for ein høg poengsum. TMP kan vere bra om ein skal prøve å teffe alle blinkane (rare bottle caps). Grunnen til at du fekk den figuren heilt til høgre (rare bottle cap) kom av at du enten hadde skote alle 25 blinkane, eller hadde fått ein poengsum over 4000. Figuren heilt til venstre fekk du fordi du fekk ein poengsum over 3000. På den første banen kan ein i alt få 6 bottle caps. For å få fram dei andre må du greie over 3000 poeng fire gonger til, det blir litt vanskelegare for kvar gong. Når rada er fullført blir ein belønna med peng.