Eg såg ikkje programmet før i dag, men synest det var ganske bra. Reviewen av Burnout 3 var bra, Halo 2 previewen var bra. Alle spillmarked-fakta var bra. Mykje eg ikkje visste. Og eg likte innslaget med Pål Tarjei Aasheim som fekk understreka, frå eit foreldresynspunkt, at spill ikkje er skadelig. Det er sånt som fordømmande norske foreldre trenger å høyre.
Sånn frå ein gamer-fan sitt synspunkt var det ein del greier som eg ville ha gjort annerledes:
-Hatt minst en times langt program, og eventuelt flytta det til eit litt mindre "prime time" tidspunkt. Da hadde det vert litt meir plass til humoristiske innslag, slik som Sputnik greia. Sånn det er no, blir det en smule bittert med sånne innslag når det er så lite av "det gode".
-I tillegg til å ha amatør vs. ekspert kamp, hadde det vert morro om de inviterte inn ett par virkelige eksperter som kunne komme inn og kjempe om tittelen om å vere den beste i forskjellige spill, eventuelt gjøre som i Jeopardy å invitere vinneren tilbake for å forsvare tittelen til han/hun ryker ut.
-Fleire reviewar og previewar og ein del ekslusive screenisar
-I retro innslaget ville det vert fint med litt video fra hvordan maskinene fungerte, og ikke bare korleis dei såg ut.
-Hatt reprise på søndags eller følgende lørdags morning
-Spredd tilfeldige spill fakta, nyheter og rykter som "pop-ups", innimellom.
Ellers håper eg programmet vil vare i lang tid, og får tid til å varme seg opp før det blir tatt av lufta (som skjer altfor ofte på norsk tv). Så dersom det ikkje går så bra, håper eg dei prøver eit anna tidspunkt, i staden for å berre fjerne det.